ABU

ABU
Skulevegen
5745 Aurland

Tlf:   57 63 18 00
Fax: 57 63 18 01

Kontakt skulen
Kontakt tilsette

 

Alarmtelefonen for barn og unge

Kompetansemål etter L-06

Velkommen til ABU si nettside.

Aurland barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med 160 elevar.

Skulen vår ligg flott til mellom kommunen sine idrettsanlegg og berre nokre hundre meter frå Aurlandsvangen. 

Nytt frå ABU

img_1302red.jpg

God jul til elevar og føresette

Ein klasse har vore i bassenget, nokre har hatt julefrukost på skulen, ein klasse har ete julegraut og nokre klassar har vore på julefrukost heime hjå lærarane. Alle har hatt ei fin juleavslutning! Skulen ønskjer elevane våre og føresette ei god jul og eit godt nytt år. Skulen startar opp at den 3. januar.
21.12.2011

img_1191red.jpg

Adventskalenderen i 7.klasse

Det er mange som har adventskalender i desember. Kalenderen kan innehalda sjokolade eller små ting, eller han kan innehalda noko heilt anna. Det gjer adventskalenderen dei har i 7.klasse. Kvar dag skal elevane gje ei hjelpande hand til dei heime eller til venner. Eg ( Kari) har intervjua to av elevane i 7.klasse.
Les meir »   19.12.2011

img_1190.jpg

Juleaktivitetar i 8.klasse

Det luktar julekaker og sprake på huset! 8.klasse har brukt dagen til ulike juleførebuingar. Dei har laga serinakaker, bunde einerkransar og laga julekort med origami.
Les meir »   16.12.2011

img_1158red.jpg

Julemiddag i kantina

I dag har borda i kantina vore dekka til julefest. Elevane i 10.klasse serverte nydeleg julemat; pinnakjøt, julepølser, poteter, kålrabistappa og surkål. Elevane i 9.klasse stod for desserten, riskrem med verdens beste raudsaus.
Les meir »   14.12.2011

img_1154.jpg

Trygg skuleveg

I går skjedde det ei nesten-ulukke på skulevegen mellom Trudvang og Hopen. Bussjåføren klarde å vri bussen unna i siste liten etter at ein elev hadde ramla på sykkel på det glatte føret. Skulen ber elevar og foreldre vera ekstra merksame på skulevegen om vinteren når det er mørkt og kanskje glatt.
Les meir »   14.12.2011

RSS